Stord Idrettslag

Andre anlegg

 

SKIANLEGG VED FJELLSTOVA

 
 
Lysløypa vart offisielt opna i 1987. Løypa strekk seg ca 4 km med start og mål på parkeringsplassen.

Klikk her for kart  
 
 
 

SKEISEBANEN

 
 
Skeisebanen vart opna i 2000 og er klassifisert som regionsanlegg for vinteridrett på is. På vinteren vert det lagt is på totalt 5.000 m2. For hurtigløp på skeiser er banen ein 250 meter lang rundbane. Om sommaren vert anlegget brukt til rulleskeiser. 

Klikk her for kart
 
 
 

SYMJEHALLEN 

 
 
I Stord Kulturhus ligg symjehallen som vart opna i 1978. I hallen ligg det 25 meter lange bassenget, eit eige barnebasseng og eit stupetårn-anlegg. 

Klikk her for kart
 
 
 

LANDÅSEN TURTERRENG

 
 
 
Landåsen turterreng inneheld turløyper og lysløype. Det er fire merka tur- og trimløyper og til saman 29 km skogsveg. Det er også ei 3,7 km lang lysløype med tre trimstasjonar.

Klikk her for kart
 
 
 

HELSESPORTLØYPA

 
 
Helsesportløypa vart opna i 1991. Løypa vert brukt av turgåarar og ikkje minst rulleskiløparar. Løypa er 1,4 km lang og har ein grus- og ein asfaltdel - og heile løypa er belyst. 

Klikk her for kart
 

 

NETTSIDENE ER SPONSET OG UTVIKLET AV: