Stord Idrettslag

Grasrotandelen

Norsk Tipping har sidan starten gitt heile overskotet til samfunnsnyttige formål. Grasrotandelen gir deg som spelar mulighet til vera med på å bestemma kva noko av overskotet skal brukast til. Du kan no velgja kva for eit lag eller forening som får fem prosent av din innsats. Det vil seia at om du spelar Lotto for hundre kroner, går fem kroner til din grasrotmottakar. Og best av alt; din innsats, premie eller vinnersjanse vil ikkje bli redusert!

Stord Idrettslag får inn alle grasrotmidlane frå Skigruppa, Handballgruppa, Skeisegruppa, Friidrettsgruppa, Volleyballgruppa og Turngruppa - og fordeler midlane til gruppene basert på antal medlemmar. Handball Elite, Fotballgruppa, Orienteringsgruppa og Symjegruppa er eigne grasrotmottakarar og er ikkje med i denne fordelinga. 

Så støtt Stord Idrettslag ved å setja oss opp som grasrotmottakar neste gong du er hos din tippekommisjonær!

KORLEIS STØTTA STORD IDRETTSLAG?
Dette kan du gjera på fem enkle måtar:

1) SMS
Send SMS med teksten "GRASROTANDELEN 976886429" til 2020. Tenesta er gratis. 

2) APP
Dersom du har Norsk Tipping sin Mobilspill-app, kan du velgja "Grasrotandelen" i app'en. App'en kan lastast ned ved å senda SPILL til 1960.

3) STREKKODE
Gå til grasrotandelen sine nettsider via denne linken, søk på "Stord Idrettslag", og velg "Strekkode". Ta denne med til tippekommisjonæren.  

4) ORGANISASJONSNUMMER
Gå til ein tippekommisjonær og be om hjelp til å leggja inn Stord Idrettslag som grasrotmottakar ved å oppgje organisasjonsummer: 976 886 429.  

5) INTERNETT
Gå til grasrotandelen sine nettsider via denne linken, søk på "Stord Idrettslag", og velg "Tilknytt nå" nede i venstre hjørne. 

 

NETTSIDENE ER SPONSET OG UTVIKLET AV: