Stord Idrettslag

SAMANDRAG AV KLUBBENS HISTORIE

Stord Idrettslag vart stifta 30. mars 1914 og så langt ein veit, var grunnleggarane:
Leif Tonning, Magnus Jansen og Harald Frugard.

Det fyrste valde styre besto av: Leif Tonning, formann, Overrettsakfører Christensen og Harald Frugard.
Laget hadde 20 medlemmar og kontingenten var kr. 2.- pr. år.

Dei fyrste åra var det turn, friidrett og bryting som sto på programmet og då laget fekk overta eit område på Ås i 1916, vart det anlagt ein bane for fotball og friidrett, ein bane som seinare er kjend som Åsbanen, og som heilt fram til 1964 var lagets sin hovudarena.

Turngruppa fekk sitt sportslege høgdepunkt i 1960 med gull i lagturn kl. B. Denne bragda sto Leif Lunde, Kristian Lunde og Lars Mugaas for. Lars har og medaljar som enkeltutøvar og har deltatt på landslaget.

Friidrettsgruppa sine høgdepunkt er fyrst og fremst Lars Ove Strømø sitt norske meisterskap og ikkje minst deltaking i OL. Dagens formann Oddmund Roalkvam kan og skilta med norsk meisterskap.

Fotballgruppa blei starta i 1918 då banen på Ås blei klar og gruppa har sidan starten utvikla seg til lagets største gruppe. Sportsleg sett nådde gruppa sitt høgdepunkt med spel i dåverande 2. divisjon (dagens 1. divisjon) i 1990 og 1991.

Den neste gruppa som blei stifta er Orienteringsgruppa i 1945. Her heng nok Rolf Vestres meisterskap i NM kortdistanse og ikkje minst hans 2. plass i VM-stafett høgast. Det skal og leggast til at gruppa har oppnådd ein rekke plasseringar i meisterskap, spesielt i frå 1988 og fram til 1995.

I 1965 blir to nye grupper tatt opp som medlem i laget, nemlig skigruppa og håndballgruppa.

Skigruppa har fleire medlem som har gjort seg sterkt bemerka, spesielt i Birkebeinerrennet der dei har oppnådd merke både innan ski, så vel som sykkel og løp.

Handballgruppa som er lagets nest største gruppe, er i dag klubbens flaggskip. Gruppa sitt herrelag har spela i eliteserien sida 1999 og lagets 2. plass i sluttspelet i serien i 2006 er lagets høgdepunkt, som og gav laget ein plass i Europacupen.

Ei ny gruppe kom til i 1968, nemlig Skeisegruppa. På ei øy ut mot havet, skulle man ikkje tru at dette var naturlig, men eldsjelene bak gruppa med Arnulf Agasøster og Henning Nordfonn i spissen lot seg ikkje knekke av milde vintrar. Ingen annan gruppe har nådd så høgt som denne gruppa på den idrettsmessige fronten. Kjell Storelid sine to sølvmedaljar på 5000 og 10000 meter i OL på Lillehammer i 1994 ragar desidert høgast.

I 1971 blei symjegruppa formelt ei eigen gruppe i laget, sjølv om Stord IL allereie i 1934 arrangerte konkurransar i hamnesymjing. Gruppa har spesielt hatt fokus på ungdom og har gjennom åra bygd opp ei rekke gode symjara som har gjort seg merka med NM-gull for juniorar.

Dei tre siste av dagens grupper, nemleg Volleyball, Barneidrett og Handikap såg dagens lys i midten av 1980-talet. På midten av 90-talet blei og Basket tatt opp som eigen gruppa. Denne gruppa er seinare nedlagt som følge av at eldsjelene bak gruppa flytta frå Stord.

Sida 1914 har Stord Idrettslag utnemnt til saman 9 æresmedlem, nokre av desse er framleis aktive i klubben. Full oversikt over hederstildelingar finn du her.