Her er hva som ble fattet 15. mars 2016, på styremøtet til Stord IL.
Idrettslaget ynskjer statutter for kven som kan få stipend og for kva, og derfor fatta styret i Stord IL eit vedtak om stipend på styremøte 15. mars 2016.
Etter ein diskusjon der alder, tidlegare stipend, prestasjon, hyppighet og idrettslagets økonomi var hovedpunkt, kom styret fram til følgjande:
– Utøvar må ha fylt 16 år.
– Utøvar må ha deltatt i landskamp for lagidrett, eller delteke i internasjonalt meisterskap for individuelle idrettar.
– Stipend blir gitt som ei personleg gåve til utøvar.
– Stipend blir gitt som ein eingongssum på kr 5.000.
Det er undergruppene som søkjer på vegne av sine utøvarar.