Stord idrettslag

Stifta 30. mars 1914

Hallar

Idrettslaget brukar hallane til ulike idretter; handball, volleyball, turn, friidrett og fotball. Stord IL brukar hovudsakeleg dei tre hallane i Stord Idrettspark, men har og ein del aktivitet i Prestagardsskogen Fleirbrukshall – dÃ¥ primært handballtreningar. 


NYEHALLEN (HALL A)

Nyehallen i Sportssenteret vart bygd i 1995, og er storstova til Stord Idrettslag. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Hallen har plass til 2.000 tilskodarar på tribunen, og det er her det har vore arrangert elite- og landskampar i handball, bordtennis og karate.

Klikk her for kart


GAMLEHALLEN (HALL B)

Gamlehallen vart bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen i Stord Idrettspark. Det er ein fin handballbane med parkettgolv. Her er lagt til rette for fire volleyball- og basketballbanar, i tillegg til kampbanar. Gamlehallen er Volleyball-gruppa sin hovedarena for trening og kamp. Det er seks garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar.

Klikk her for kart


RACKETHALLEN (HALL C)

Rackethallen har ein tennisbane, bordtennis- og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Rackethallen inneheld også tre volleyballbanar. Her er også eige garderobeanlegg.

Klikk her for kart


TURNHALLEN

Turnhallen ligg i forlenging av nyehallen og har frittstÃ¥ande matte 12×12 og turngrop. Hallen er godkjent som fylkesanlegg for turn.

Klikk her for kart


FRIIDRETTSBANEN

Friidrettsbanen i nyehallen har 60 meters løpebane og lengdegrop. Golvet er av type pulastic SP, og er godkjent for bruk av piggsko.

Klikk her for kart


PRESTAGARDSSKOGEN FLEIRBRUKSHALL

Hallen vert nytta til handballtrening kampar for dei yngste i Handballgruppa, samt til heimekampar for volleyballgruppa.

Klikk her for kart