Stord idrettslag

Stifta 30. mars 1914

Stordløftet

Våren 2024 vart det sett ned ei prosjektgruppe med representantar i frå Stord IL (Hovudlaget, Handballgruppa og Fotballgruppa), Stord VGS og Trott. Deltakarane ønska å sjå på moglegheitene for å leggje til rette for eit endå betre sportsleg tilbod til ungdommane som driv organisert idrett på Stord. Ønsket er at det lokale tilbodet skal vere så godt at ungdommane ikkje treng å reise frå øya før vidaregåande alder for å utvikle seg godt i idretten sin.   

Det fyrste tiltaket i Stordløftet er å leggje til rette for morgonøkter for ungdomsskuleelevar som driv organisert idrett på Stord. Øktene vert felles på tvers av kjønn og idrettar og vil ha eit innhald som er nyttig for å prestere betre i idretten til den einskilde. Det vert lagt opp til periodisert trening i løpet av året. Ungdommane skal få større forståing av eigen kropp og fysisk trening, og saman byggje ein endå betre treningskultur på Stord. I tillegg til dette vil ungdommane kunne byggje og styrkje relasjonane med jamaldrande som driv ulike idrettar.  

Øktene vert leia av kompetente instruktørar som også har god erfaring med å jobbe med ungdommar.  

Treningane vert gjennomført i Nordbygdohallen og Nyehallen.

  • Onsdagar kl. 06:45-07:45 i Nordbygdohallen
  • Torsdagar kl. 06:45-07:45 i Nyehallen

Treningane startar i veke 34 og følgjer vidare skuleruta. Ungdommane har ein gratis prøveperiode ut september 2026, deretter vert det ein eigenandel på 600 kr. for hausten 2026 og 600 kr. for våren 2027. Eigenandelen for hausten 2026 vert sendt ut i november og i april for våren 2027.

Tiltaket kjem til å nytte Spond som verktøy til å kommunisere med utøvarane og føresette, samt administrere oppmøte med meir rundt treningane.  

Følg påmeldingslenka under for å melde deg/barnet ditt på morgonøktene.
Stordløftet 2026-2027

Me har stor tru på at tiltaket vil vere eit av fleire sentrale tiltak for å løfte idretten på Stord!