Det er med stor sorg me mottok bodskapen, torsdag 22. oktober, om at Roy-Sverre Amundsen har gått bort, 70 år gammal, etter fleire års kamp mot kreften.
Roy-Sverre har sett djupe spor etter seg i Stord IL og i lokalsamfunnet vårt. Han var ein engasjert samfunnsbyggjar med stor arbeidskapasitet, eit sterkt engasjement og ei heilt eiga evne til å sjå moglegheiter og få ting gjennomførte.
I 2019 tok han over som styreleiar i Stord IL, etter fleire år som styreleiar i Stord Fotball. Gjennom arbeidet sitt for idrettslaget var han ein viktig pådrivar for utviklinga av Vikahaugane. Han var mellom anna sentral i arbeidet med arealanalysen for området og realiseringa av Stord Ishall. Som styreleiar i Vidrive AS hadde han også ei sentral rolle i arbeidet med å få ishallen på plass.
Roy-Sverre var ekstremt dyktig på prosjektarbeid. Han hadde evna til å sjå heilskapen, finna gode løysingar og stå på til måla var nådde. Han la ned ein stor innsats for å utvikla idrettsanlegga og skapa gode rammer for aktivitet, fellesskap og idrettsglede på Stord. Han var også trenar for sine barn på forskjellige aktiviteter i idrettslagets regi.
Men Roy-Sverre var så mykje meir enn verva og prosjekta han engasjerte seg i. Han var ein god leiar, ein raus person og ein mann det var godt å samarbeida med.
Det er vanskeleg å forstå at han ikkje lenger er blant oss. Me sit att med stor takksemd for alt han har gjort for Stord IL og for lokalsamfunnet, men også med eit stort sakn etter ein god kollega og ven.
Me takkar Roy Sverre for innsatsen, engasjementet og vennskapen.
Han har sett spor som vil stå att lenge etter seg.
Han vil bli sakna.
På vegner av heile Stord IL vil me senda våre varmaste tankar til Hilde Karin, familien og alle dei som stod Roy-Sverre nær. Me tenkjer særleg på dei i denne tunge tida.
Mvh.
Styret i Stord IL
