Stord idrettslag

Stifta 30. mars 1914

Vedtekter i Stord Idrettslag

Lovnorm for idrettslag
Vedteken av Idrettsstyret 16. november 2021.

Lov for Stord Idrettslag (stifta 30.03.1914)
Sist endra og vedteken 17.02.2022 av styret i Stord IL

1 Formål
Formålet til idrettslaget er å drive idrett organisert i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF). Arbeidet skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.

 
2 Organisasjon

(1) Idrettslaget er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemmer. Allianseidrettslaget inngår i ein idrettslagsallianse med Stord Fotball. For reglar om idrettslagsalliansar gjeld NIFs lov § 10-7.

(2) Stord Idrettslag er medlem av Norges Håndballforbund, Norges Skiforbund, Norges Friidrettsforbund, Norges Volleyballforbund, Norges Skøyteforbund, Norges Gymnastikk- og Turnforbund, Norges Svømmeforbund og Norges Orienteringsforbund, For reglar om plikta idrettslaget har til å vere medlem av eit særforbund gjeld NIFs lov § 10-1 (4).

(3) Idrettslaget er medlem av NIF gjennom Vestland idrettskrins og er tilslutta Stord Idrettsråd .

(4) For reglar om representasjonsrett gjeld NIFs lov § 10-3.

(5) For reglar om plikta idrettslaget har til å halde regelverket og vedtaka til overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov §§ 2-2 og 2-3.


3 Medlemmer

For reglar om opptak av medlemmer, utmelding, fråtaking av medlemskap m.m. gjeld NIFs lov §§ 10-4 og 10-6.

For plikta idrettslaget har til å registrere opplysningar i medlems- og organisasjonsregisteret til idretten gjeld NIFs lov § 10-5 og forskrift om medlems- og organisasjonsregisteret til idretten med utfyllande reglar.


4 Kjønnsfordeling

For reglar om kjønnsfordeling i styre, utval m.m. og ved representasjon til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd gjeld NIFs lov § 2-4.


5 Generelle reglar om stemmerett, kvalifisering til val, forslagsrett m.m.

For reglar om stemmerett, kvalifisering til val og forslagsrett gjeld NIFs lov §§ 2-5, 2-6 og 2-7.


6 Inhabilitet

For reglar om inhabilitet gjeld NIFs lov § 2-8.


7 Vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll

For reglar om vedtaksførleik, fleirtalskrav og protokoll gjeld NIFs lov § 2-9.


8 Refusjon av utgifter og godtgjersle

For reglar om refusjon av utgifter og godtgjersle gjeld NIFs lov § 2-10.


9 Regnskap og revisjon m.m.

For reglar om rekneskap og revisjon m.m. gjeld NIFs lov §§ 1-7, 2-11, 2-13 og 2-14.


10 Årsmøtet

Årsmøtet er det høgaste styringsorganet i idrettslaget, og det vert halde kvart år innan utgongen av mars månad.

Ordinært og ekstraordinært årsmøte blir gjennomført i samsvar med denne lova og NIFs lov §§ 2-15, 2-16, 2-17, 2-19, 2-20.

Oppgåvene til årsmøtet:

  • Godkjenne dei som har stemmerett
  • Velje dirigent(ar)
  • Velje protokollførar(ar)
  • Velje to medlem til å skrive under protokollen
  • Godkjenne forretningsordenen
  • Godkjenne innkallinga
  • Godkjenne saklista
  • Handsama årsmeldinga frå idrettslaget
  • Handsama
  • Rekneskapen til idrettslaget
  • Den økonomiske meldinga frå styret
  • Meldinga frå kontrollutvalet
  • Eventuell melding frå engasjert revisor
  • Handsme saker som kjem fram av godkjend sakliste
  • Fastsetje
  • Medlemskontingent på minst kr 50
  • Eventuell treningsavgift, eller gje styret fullmakt til å fastsetje treningsavgifter
  • Vedta budsjettet til idrettslaget
  • Handsame organisasjonsplanen til idrettslaget
  • Velje:
    • Styre med leiar, nestleiar, 4 styremedlem og 1 vara medlem
    • Kontrollutval med leiar og 1 medlem
    • Representantar til ting og møte i dei organisasjonsledda der idrettslaget har representasjonsrett, eller gje styret fullmakt til å utnemne representantane
    • Valkomité med leiar, 1 medlem og 1 vara medlem
    • Eventuelt andre val i samsvar med organisasjonsplanen til idrettslaget
  • Avgjere om det skal engasjerast revisor til å revidere rekneskapen til idrettslaget.

Leiarar og nestleiarar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemane skal veljast samla. Deretter skal vara medlemane veljast samla. Der det blir valt fleire vara medlem, skal det veljast 1. varamedlem, 2. varamedlem osv.

For reglar om stemmegivinga på årsmøtet gjeld NIFs lov § 2-21.
For reglar om innkalling og gjennomføring av ekstraordinært årsmøte gjeld NIFs lov 2-19.


11 Styret i idrettslaget

(1) Idrettslaget blir leia og forplikta av styret, som representerer idrettslaget eksternt.

(2) Styret er den høgaste styresmakta til idrettslaget mellom årsmøta, men visse avgjerder kan berre vedtakast av årsmøtet i samsvar med § 10 (3) og NIFs lov § 2-22.

(3) Forvaltninga av, og tilsynet med, alle delar av idrettslagsverksemda høyrer under styret. Styret skal sørgje for:

…at formålet med idrettslaget blir oppfylt

…at idrettslagsverksemda og økonomistyringa er forsvarleg organisert

…at avgjerder fattast i samsvar med regelverket og vedtaket til overordna organisasjonsledd, lova til idrettslaget og årsmøtevedtak

…at det blir registrert opplysningar i samsvar med § 3 (2)

…at det blir utnemnd ein ansvarleg for politiattestordninga, dersom idrettslaget organiserer idrett for mindreårige eller personar med utviklingshemming

…at det blir utnemnd ein ansvarleg for barneidretten, dersom idrettslaget organiserer barneidrett

(4) Styret kan utnemne komitear/utval for handtering av kontinuerlege eller enkeltståande oppgåver, og utarbeide mandat/instruks for dei. 


(5) Styret skal oppnemne representantar til årsmøte/ting i overordna organisasjonsledd dersom årsmøtet ikkje har valt representantar.


(6) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det, eller når minst to av styremedlemmene krev det.


12 Kontrollutval, valkomité og andre årsmøtevalde organ

(1) For reglar om kontrollutvalet gjeld NIFs lov § 2-12. [Kontrollutvalet arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

(2) For reglar om valkomiteen gjeld NIFs lov § 2-18. [Valkomiteen arbeider i samsvar med eigen instruks som er vedteken av årsmøtet.]

13 Grupper

 (1) Årsmøtet i idrettslaget kan vedta å opprette og leggje ned grupper, og korleis dei skal organiserast og leiast. Dette blir vedteke i samband med den årlege behandlinga av organisasjonsplanen til idrettslaget, jf. § 10 (3) pkt. 13. Innmelding og utmelding av særforbund krev lovendring, jf. § 2 (2).

(2) Dersom årsmøtet i idrettslaget ved behandlinga av organisasjonsplanen har vedteke å opprette grupper med gruppestyre, gjeld følgjande:

a) Kvar gruppe skal ha eit gruppestyre på minst tre medlemmer. Gruppestyret blir valt på årsmøtet eller blir utnemnt av styret etter fullmakt frå årsmøtet.

b) Gruppa bør ha minst eitt årleg møte der gruppa diskuterer økonomien i gruppa og aktiviteten i gruppa, foreslår kandidatar til gruppestyret og dessutan gir eventuelle innspel til saker som blir behandla av styret eller årsmøtet.

c) Gruppestyret konstituerer seg sjølv, med mindre årsmøtet har vedteke noko anna.

d) Gruppestyret fastset ei eventuell årleg treningsavgift innanfor ramma av fullmakt som er gjeven av årsmøtet.

(3) Gruppestyret eller representantar for grupper kan ikkje inngå avtalar eller på annan måte forplikte idrettslaget utan fullmakt frå hovudstyret.

14 Lovendring

For reglar om lovendring gjeld NIFs lov § 2-2.

15 Oppløysing, utmelding osb.

(1) Idrettslaget kan vedta oppløysing:

…ved eit einstemmig vedtak om oppløysing på årsmøtet, eller

…ved å vedta oppløysing med 2/3 fleirtal på to påfølgjande årsmøter, der det etterfølgjande årsmøtet må haldast minimum tre månader og maksimum 6 månader seinare.

Ein føresetnad for eit gyldig vedtak om oppløysing er at idrettslaget skriftleg varslar idrettskrinsen og særforbundet seinast 14 dagar før årsmøtet til idrettslaget handsamar forslag om oppløysing.

(2) Samanslutning med andre idrettslag blir ikkje rekna som oppløysing av idrettslaget. Vedtak om samanslutning eller utmelding frå særforbund, og naudsynte lovendringar i tilknyting til dette, må gjerast med 2/3 fleirtal av årsmøtet.

(3) For reglar om utmelding og tap av medlemskap i NIF gjeld NIFs lov § 10-2.

(4) Ved utmelding eller tap av medlemskap skal eigedelane til idrettslaget som er opparbeidde som ei direkte følgje av medlemskapen til idrettslaget i NIF, gå til eit formål som er godkjent av styret i idrettslaget . Ved oppløysing eller anna opphøyr av idrettslaget går overskytande midlar i laget etter avvikling til eit formål som er godkjend av idrettskrinsen.