Idrettslaget brukar hallane til ulike idretter; handball, volleyball, turn, friidrett og fotball. Stord IL brukar hovudsakeleg dei tre hallane i Stord Idrettspark, men har og ein del aktivitet i Prestagardsskogen Fleirbrukshall – dÃ¥ primært handballtreningar.Â
NYEHALLEN (HALL A)
Nyehallen i Sportssenteret vart bygd i 1995, og er storstova til Stord Idrettslag. Her finn du også administrasjonen, undervisningsrom og kafé. Hallen har plass til 2.000 tilskodarar på tribunen, og det er her det har vore arrangert elite- og landskampar i handball, bordtennis og karate.
GAMLEHALLEN (HALL B)
Gamlehallen vart bygd allereie i 1964, og er den eldste hallen i Stord Idrettspark. Det er ein fin handballbane med parkettgolv. Her er lagt til rette for fire volleyball- og basketballbanar, i tillegg til kampbanar. Gamlehallen er Volleyball-gruppa sin hovedarena for trening og kamp. Det er seks garderobar som er knytta til denne hallen, og tribuneplass til 800 personar.
RACKETHALLEN (HALL C)
Rackethallen har ein tennisbane, bordtennis- og badmintonbanar, i tillegg til at også denne dekkjer krava til banestorleik for handball. Rackethallen inneheld også tre volleyballbanar. Her er også eige garderobeanlegg.
TURNHALLEN
Turnhallen ligg i forlenging av nyehallen og har frittstÃ¥ande matte 12×12 og turngrop. Hallen er godkjent som fylkesanlegg for turn.
FRIIDRETTSBANEN
Friidrettsbanen i nyehallen har 60 meters løpebane og lengdegrop. Golvet er av type pulastic SP, og er godkjent for bruk av piggsko.
PRESTAGARDSSKOGEN FLEIRBRUKSHALL
Hallen vert nytta til handballtrening kampar for dei yngste i Handballgruppa, samt til heimekampar for volleyballgruppa.