Stord idrettslag

Stifta 30. mars 1914

Andre anlegg

I tillegg til hallar og fotballbanar brukar Idrettslaget ei rekkje andre anlegg i kommunen. Her finn du ei oversikt over desse. 


SKIANLEGG VED FJELLSTOVA
Lysløypa vart offisielt opna i 1987. Løypa strekk seg ca 4 km med start og mål på parkeringsplassen. 

Klikk her for kart


SKEISEBANEN
Skeisebanen vart opna i 2000 og er klassifisert som regionsanlegg for vinteridrett på is. På vinteren vert det lagt is på totalt 5.000 m2. For hurtigløp på skeiser er banen ein 250 meter lang rundbane. Om sommaren vert anlegget brukt til rulleskeiser. 

Klikk her for kart


SYMJEHALLEN
I Stord Kulturhus ligg symjehallen som vart opna i 1978. I hallen ligg det 25 meter lange bassenget, eit eige barnebasseng og eit stupetårn-anlegg. 

Klikk her for kart


LANDÅSEN TURTERRENG
Landåsen turterreng inneheld turløyper og lysløype. Det er fire merka tur- og trimløyper og til saman 29 km skogsveg. Det er også ei 3,7 km lang lysløype med tre trimstasjonar.

Klikk her for kart


HELSESPORTLØYPA
Helsesportløypa vart opna i 1991. Løypa vert brukt av turgåarar og ikkje minst rulleskiløparar. Løypa er 1,4 km lang og har ein grus- og ein asfaltdel – og heile løypa er belyst.

Klikk her for kart