Stord idrettslag

Stifta 30. mars 1914

Stordløftet – 2025/2026

Me er svært glade for at me har fått med oss dei dyktige trenarane Jørund Løken og Sturla Aakre til å vere instruktørar på morgontreningane i Stordløftet. Løken og Aakre er ansvarlege for innhaldet og vil vere hovudinstruktørar.   Bli meir kjent med instruktørane under.

Ian Seistrup er tidlegare handballspelar. Han er fødd og oppvaksen i Danmark og flytta seinare til Haugesund for å spele handball for Haugaland HK. Seistrup er utdanna fysioterapeut og har no fått 10 års erfaring med eigen praksis. Han har vore med FK Haugesund, har 6 års erfaring med fysioterapi frå ungdomslandslag i handball, vore ansvarleg fysioterapeut i Haugesund Seagulls (ishockey), Haugaland handball og Haugesund Hurricanes. Seistrup har også tidlegare vore instruktør på treningssenter og undervist på Haugesund Toppidrettsgymnas (HTG). 

Jørund Løken har interesse og erfaring med mange formar for idrett og aktivitet. Friidrett vart idretten han utøvde lengst i ungdomstida, og han vart mellom anna ungdomsmeister i spydkast. Løken er utdanna med Master i idrettsvitenskap og praktisk-pedagogisk utdanning. Han tok valfag i ernæring og personleg trening, og har publisert forskingsartiklar med tema om styrketrening, eksplosiv styrke, kasthastigheit og teknikk. Han har relevant arbeidserfaring som lærar på idrettsfag på Stord vidaregåande skule og treningar for Stord Friidrett og Stord Fotball. 

Me er glade for å ha disse instruktørane med på Stordløftet. Har du endå ikkje meldt deg på kan du gjere det på denne lenka: https://forms.office.com/e/5fkSS1my9M

Kategorier
Ymse